• {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
{{sprakVariabler["AvbrytSkjemaUtfylling"]}}
{{sprakVariabler["InnloggingWizardKreverInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["InnloggingWizardValgfriInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["SkjemaNavn"]}}
  • {{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltip' + innlogging.InnloggingsTooltip]}}

{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltipEpost']}}

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*{{sprakVariabler["EpostIkkeRegistrert"]}}

{{sprakVariabler["InnloggingWizardKodeIEpost"]}}

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringEpost"]}}

{{sprakVariabler["KontoAktivert"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringsLenkeUgyldig"]}}

Nettlesersesjonen er utløpt, og utfylling som ikke er lagret kan være tapt. Vennligst last siden på nytt for å fortsette på skjemaet.

Skjemautfylling

ABC for god psykisk helse

Innleiing

Innleiing

Kva er ABC?

ABC for god psykisk helse bygger på eit kunnskapsbasert rammeverk utvikla ved Curtin University i Australia og blir brukt i fleire land. ABC står for Act, Belong, Commit. Omsett til nynorsk blir det å gjere noko aktivt, saman og meiningsfullt – tre enkle grep som forsking har vist at har stor betydning for livskvaliteten og den psykiske helsa vår. Dette er kjernen i ABC-modellen.

Det er no satt i gang ein nasjonal folkehelsekampanje som handlar om å bygge og styrke psykisk helse for heile befolkninga. Denne tilskotsordninga er eit ledd i den nasjonale kampanjen.

Les meir om ordninga på mrfylke.no

Kva er formålet med tilskotsordninga?

Ordninga skal støtte lokal og regional bruk av ABC-rammeverket og sette søkelys på verdien av ABC i frivillig sektor. Vi vil bidra til å

  • auke kompetanse og bevisstheit i befolkninga, det offentlege og organisasjonslivet om korleis vi kan ta vare på og styrke eigen og andre si psykiske helse.
  • spreie kunnskap om aktivitetar som styrker livskvalitet og psykisk helse.
  • styrke, legge til rette for og synleggjere regionale og lokale moglegheiter for slik helsefremmande aktivitet.

Ordninga skal i tillegg bidra til å nå måla i planverket til fylkeskommunen.

Kva kan du søke støtte til?

Du kan søke støtte til pilotprosjekt som prøver ut ABC-rammeverket i praksis.

A) Kommunar og frivilligsentralar (2–4 prosjekt)

Dette kan for eksempel vere:

  • utvikling av frivilligstrategi
  • møteplassar og aktivitetar
  • betre kontakt med frivillige

B) Regionale frivillige organisasjonar (2–4 prosjekt)

  • rekruttering og inkludering av frivillige
  • bevisstgjering og synleggjering av ABC-arbeid
  • bruk av ABC-verktøy
  • vere ambassadørar for ABC ut over eigen organisasjon

De kan søke om fullfinansiering av piloten, men samarbeid og eigeninnsats vil bli vektlagt. Minimumsbeløp er 50 000 kroner og maksimumsbeløp er 300 000 kroner.

Prosjektet må vere ferdig innan 1. november 2026.

Kva blir det ikkje gitt støtte til?
I denne ordninga kan du ikkje få støtte til

  • ordinær drift
  • deltakaravgift, reise eller opphald knytt til seminar, utdanning eller studieturar
  • kjøp av utstyr
Kven kan søke om støtte?
  • Kommunar
  • Frivilligsentralar
  • Regionale ledd av frivillige lag og organisasjonar

Vi prioriterer søknadar der fleire aktørar samarbeider.

Hugs å lagre undervegs!

Det du skriv i dette skjemaet blir lagra automatisk når du trykker på knappen [Neste].

For å vere på den sikre sida er det likevel lurt å lagre litt undervegs – kanskje oftere enn du tenker er nødvendig.

Har det gått 20 minutt uten aktivitet? Da kan utfyllinga av skjemaet ditt gå tapt om det ikkje er lagra. Hugs derfor å lagre undervegs! Du finn knappen [Lagre] i midta nedst til venstre.

Søknadsfrist

1. oktober 2025

Saksbehandling

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune vil saksbehandle søknaden din utan ugrunna opphald. Vanlegvis vil du ha fått svar frå oss innan fire til seks veker etter søknadsfrist. Etter at søknaden er behandla vil du få svar på søknaden din skriftleg.

I tildelingsbrevet finn du opplysningar om tildelt sum og kva vilkår som må vere oppfylte før du kan få støtta utbetalt. I avslagsbrevet står det avslagsgrunn og kva rettar du har.

Ei presisering om kulturtilskot

Kulturtilskot er ei moglegheit for støtte til gode prosjekt, men er ikkje ein rett. Tildelinga skjer ut frå fastsette retningslinjer, krav og prioriteringar, som er opne og tilgjengelege for alle.

Tilskotsmidlane er avgrensa, og det kjem ofte fleire søknadar enn det er midlar til. Derfor vurderer fylkeskommunen søknadane etter ei heilskapleg skjønnsutøving. Sjølv søknadar som oppfyller alle krava, kan få avslag eller ein lågare sum enn søkt beløp.

For å kunne gi tilskot, må vi ha nok midlar i budsjettet.

Du har rett til å klage

Vedtak i tilskotssaker er eit enkeltvedtak ifølge forvaltningslova § 28. Det betyr at du kan klage innan tre veker frå den datoen du fekk brevet.

Om du sender inn ei klage, vil kulturavdelinga gjere ei ny vurdering i saka. Dersom ikkje vedtaket blir omgjort, blir klaga sendt til fylkeskommunen si klagenemnd for behandling. Det må påreknast saksbehandlingstid.

Klaga og eventuell dokumentasjon kan sendast digitalt via e-Dialog, som du finn gjennom denne lenka: https://svarut.ks.no/edialog/mottaker/944183779

Har du lest retningslinjene?

Hjelp
Lukk
  1. Klikk på Hjelpesymbol der du trenger hjelp til utfyllingen
  2. Skjemaet lagrer svarene underveis i utfyllingen. Hvis du velger å avbryte ved f.eks. å lukke nettleservinduet eller trykke på Avbryt-knappen og deretter bekrefter at du vil avbryte utfyllingen, vil all informasjon bli borte.
  3. Ingenting sendes inn før du selv ber om det, ved å velge Send inn-knappen. Den kommer fram etter at opplysningene er kontrollert og godkjent på oppsummeringssiden

Bruk og utfylling

Klikk på hjelpesymbolene for informasjon om utfylling.

* Betyr obligatorisk for utfylling

Etter 20 minutt uten aktivitet kan utfylling av skjema gå tapt.

Klikk på Hjelp øverst til høyre for generell hjelp om skjema.

Vennligst vent...

Loader