KOMPETANSE OG NÆRING
Fylkeskommunen har det overordna ansvaret for kompetansepolitikk i fylket. Det betyr at fylkeskommunen skal samordne innsatsar frå ulike delar av samfunns- og arbeidslivet for å skape best mogleg samsvar mellom kompetansebehova til samfunnet og utdannings- og opplæringstilboda som blir tilbydd i regionen. Ei sentral oppgåve innan kompetansepolitikken er å utvikle og drifte den vidaregåande opplæringa for ungdom og vaksne.
På næringsområdet har fylkeskommunen ansvar for å stimulere til attraktivitet og nyskaping i arbeids- og næringslivet.
I juni 2024 vart Grønt industriløft Møre og Romsdal lansert, ei analyse av moglegheitene til fylket knytt til omstillinga til ein berekraftig grøn økonomi. Ei masteroppgåve innan næringsområdet skal bruke analysen som ein vesentleg del av kjeldematerialet, og føre fram praktisk retta tilrådingar som svarar ut behova analysen har avdekka.
I løpet av hausten 2024 lanserer OECD ein rapport om moglegheitene for utvikling av ein sirkulær økonomi i Møre og Romsdal. Vi oppmuntrar å ta i bruk også denne rapporten der tida tillèt det.
Aktuelle tema på kompetanseområdet
- kunnskap om kompetansebehov i arbeidslivet for utvikling av utdanningstilbod
- etter- og vidareutdanning i arbeidslivet
- arbeidslivsrelevans i utdanningane
- eit meir inkluderande arbeidsliv
- overgangar frå ungdomsskole til vidaregåande opplæring
- overgangar frå vidaregåande opplæring til høgare utdanning
Aktuelle tema på næringsområdet – i lys av Grønt industriløft Møre og Romsdal
Satsingsområde for grønt industriløft
- grøn maritim næring
- biomarin næring
- sirkulære hubar
Barrierar for grønt industriløft
- tilgang til fornybar kraft
- kapital
- kompetanse
- areal
Antal stipend
Inntil 4 stipend
Kontaktperson
Øyvind Tveten