5. Du må rapportere og føre rekneskap
Rapporten skal blant anna gjere greie for korleis arbeidet er gjennomført, og kva for materiale som er brukt. Du må også rapportere på om arbeidet er gjort i tråd med dei antikvariske retningslinjene.
Rekneskapen skal vise korleis støtta er brukt og settast opp slik at det kan samanliknast med budsjettet du sendte i søknaden. Støtta frå fylkeskommunen skal spesifiserast i rekneskapen. Kopi av faktura og ei liste over dugnadstimar skal følge med rekneskapen som vedlegg.
For tildelingar under 350 000 kroner skal sluttrekneskapen vere kontrollert og signert av nokon som ikkje har vore med i føringa av rekneskapen. For tildelingar der støtta frå fylkeskommunen er over 350 000 kroner, skal det framleggas rekneskap godkjent av autorisert revisor.
Du skal sende inn sluttrapport og rekneskap seinast tre månader etter at prosjektet er ferdig. Om vilkåra for tildelinga ikkje blir følgt, kan vi krevje at du må betale tilbake heile, eller deler av, støtta.