1. Arrangement
Støtte for innleige av profesjonelle aktørar og utøvarar innan musikk, scenekunst, visuell kunst, kulturarv, audiovisuell produksjon, litteratur og tverrgående prosjekter
a. Honorar og reisekostnader
b. Leige av lokalar for øving, produksjon eller visning i samband med konkrete arrangement eller tiltak
c. Logistikk, grafisk materiell og anna marknadsføring samt andre reelle kostnader knytt til gjennomføringa av arrangementet
2. Kompetanseheving
Støtte til innleie av profesjonelle utøvarar og aktørar som bidreg til kompetanseheving. Tiltaka skal bidra til å bygge opp både kunnskap og kapasitet, og bidra til auka kvalitet på kunst- og kulturtilbodet lokalt og regionalt. Dette kan for eksempel vere: kurs, seminar, workshop og instruksjon.
3. Nettverksbygging
Støtte til å skapenettverk og møteplassar innan kunst, kultur og kulturmiljø, der profesjonelle utøvarar og frivillige kulturaktørar kan møtast, dele erfaringar og samarbeide.
Kva blir det ikkje gitt søtte til?
a. investeringar i eller vedlikehald av bygg eller anlegg
b. aktivitetar eller tiltak som hovudsakeleg inneberer idrett eller friluftsliv
c. kausjon eller anna økonomisk garanti
d. investeringar i tilskotmottakar sin eigenkapital
e. renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt
f. ordinær drift
Det blir ikkje gitt støtte til tiltak eller arrangement som har blitt gjennomført før søknadsfristen. De får ikkje støtte når dato for gjennomføring er under 6 veker etter søknadsfrist.