• {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
{{sprakVariabler["AvbrytSkjemaUtfylling"]}}
{{sprakVariabler["InnloggingWizardKreverInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["InnloggingWizardValgfriInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["SkjemaNavn"]}}
  • {{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltip' + innlogging.InnloggingsTooltip]}}

{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltipEpost']}}

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*{{sprakVariabler["EpostIkkeRegistrert"]}}

{{sprakVariabler["InnloggingWizardKodeIEpost"]}}

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringEpost"]}}

{{sprakVariabler["KontoAktivert"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringsLenkeUgyldig"]}}

Nettlesersesjonen er utløpt, og utfylling som ikke er lagret kan være tapt. Vennligst last siden på nytt for å fortsette på skjemaet.

Skjemautfylling

Regionale kulturfond: Kunst- og kulturutvikling

Innleiing

Innleiing

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer eit breitt spekter av aktørar til å søke støtte gjennom dei regionale kulturfonda. Ordninga skal styrke kunst- og kulturutvikling i heile fylket – frå større kulturprosjekt og profesjonell produksjon og formidling, til tiltak som utviklar bransjestrukturar innan kulturell og kreativ næring

I 2026 er ramma for ordninga 3 mill. kroner. Den årlege ramma blir justert kvart år, utifrå tildelinga frå staten.

Kva er regionale kulturfond?

Denne tilskotsordninga er finansiert over statsbudsjettet og ordninga regionale kulturfond. Formålet med desse midlane er at dei skal ...

... bidra til gode lokalsamfunn og eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv i hele landet. Tilskotsmidlane skal stimulere til auka aktivitet og deltaking i kulturlivet, styrke samspel mellom profesjonelt og frivillig kulturliv, forsterke lokal og regional kulturfrivilligheit og bidra til auka kvalitet på kunst- og kulturtilbodet lokalt og regionalt.

Frå «Forskrift om Regionale kulturfond»

Tilskotsordninga skal støtte større kunst-, kultur- og kulturmiljøprosjekt som bidreg til eit opent, inkluderande og mangfaldig kulturliv i heile fylket. Den samla tilskotspotten går til prosjekt som oppfyller formålet, og i 2026 er delar av potten styrka med øyremerkte midlar til særlege satsingar: minst 250 000 kroner til profesjonelle kunst- og kulturprosjekt, minst 250 000 kroner til prosjekt for barn og unge, og minst 250 000 kroner til bransjeutvikling innan kulturell og kreativ næring.


Hugs å lagre undervegs!

Det du skriv i dette skjemaet blir lagra automatisk når du trykker på knappen [Neste].

For å vere på den sikre sida er det likevel lurt å lagre litt undervegs – kanskje oftere enn du tenker er nødvendig.

Har det gått 20 minutt uten aktivitet? Da kan utfyllinga av skjemaet ditt gå tapt om det ikkje er lagra. Hugs derfor å lagre undervegs! Du finn knappen [Lagre] i midta nedst til venstre.

Kven kan søke om støtte?
  • Kunst- og kulturinstitusjonar 
  • Profesjonelle kunstnarar og kunstnarfellesskap innan scenekunst, litteratur, film og visuell kunst kan søke om støtte til produksjon og formidling
  • Små verksemder innan kulturell og kreativ næring*
  • Frivillige lag og foreiningar og paraplyorganisasjonar med ein tydeleg kunst-, kultur og/eller kulturmiljøprofil
  • Kommunar som er tilretteleggar for større samarbeid
  • Organisasjoner, nettverk, kompetansessenter og andre aktørar som arbeider med bransjeutvikling innan kulturell og kreativ næring.

Alle søkarar må vere registrert i Enhetsregisteret og ha si hovudverksemd i Møre og Romsdal.

* Bransjane som er inkludert i næringa er:
Arkitektur, aviser og magasiner, reklame og event, TV og radio, musikk, film, dataspill, utøvende virksomhet (teater, dans, opera, orkester), visuell virksomhet (design, kunst, museum og kulturarv) og utdanning og undervisning innenfor næringen.

Kjelde: Anne-Britt Gran og Bjørn Eirik Olsen (red), «Kreativ Næring. Lokale, digitale og økonomiske perspektiver», Universitetsforlaget, 2021

Kva kan du søke støtte til?
  1. Større kunst-, kultur- og kulturmiljøprosjekt som styrkar kulturlivet og bidreg til samarbeid på tvers av samfunnsmandat, fag, uttrykk og profesjonar.
  2. Produksjon og formidling av profesjonell kunst og kultur
  3. Prosjekt som utviklar og styrkar regionale bransjestrukturar innan kulturell og kreativ næring.

Når søknaden gjeld produksjon og formidling
For prosjekt som gjeld produksjon og formidling må søkaren vere ein profesjonell kunstnar, eller representere eit fagmiljø i det frie kunstfeltet. Prosjekta må halde høg kunstnarisk kvalitet og vise at dei kan gjennomførast på ein profesjonell måte.

Når søknaden gjeld kulturell og kreativ næring
For prosjekt som utviklar samarbeid, organisering eller arbeidsmåtar i dei kulturelle og kreative næringane, kan du søke om støtte til:

• Å utvikle og teste nye løysningar eller tenester knytt til formidling, distribusjon og sal av kunstnarisk, kulturelt og kreativt innhald
• Klynge- og nettverkssamarbeid med mål om nyskaping, kompetanseheving og bransjeutvikling
• Mentorordningar for unge aktørar og nyetableringar

Prosjekta skal:
• Ha direkte relevans til fylkeskommunen sine satsingar og strategiar, og bidra til å nå måla i kommunen sine eigne planverk og i planverket til fylkeskommunen.

• Gi resultat som er tilgjengeleg for ei brei målgruppe eller eit breitt publikum
• Skape noko nytt eller forbetra, for eksempel nye tilbod, uttrykk eller samarbeidsformer.
•  Prosjekta blir i tillegg vurdert ut frå kva grad prosjektet er realiserast i partnarskap, gjerne i samarbeid mellom offentlege eller private organisasjonar, institusjonar og private aktøra
• Alle som søker støtte til kunst- og kulturutvikling bør kontakte fylkeskommunen i god tid før innsending av søknad, gjerne ein månad før søknadsfrist. Dette fordi at fylkeskommunen skal kunne rettleie og bidra til å kvalitetssikre prosjektet sitt innhald, partnarskap og budsjett opp mot formålet med ordninga.

Kva blir det ikkje gitt støtte til?

  • Aktivitetar som hovudsakeleg inneber idrett eller friluftsliv
  • Kausjon eller annan økonomisk garanti
  • Investeringar i tilskotsmottakar sin eigenkapital
  • Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekter
  • Arbeidsstipend
  • Ordinær drift eller investeringar og vedlikehald av bygg og anlegg
  • Større investeringar i utstyr, instrument eller faste installasjonar
  • Næringsutvikling
  • Prosjekt som dekkes av Den kulturelle skolesekken sitt ansvarsområde
  • Prosjekt som er gjennomført eller starta opp før søknadsfristen
  • Politisk verksemd. Det betyr at politiske parti, ungdomspolitiske parti eller fagforbund ikkje kan søke
Søknadsfrist

1. mai 2026 kl. 23.59

Generelle krav som må oppfyllast

Profesjonelle aktørar som blir leid inn skal behandlast likt og få lønn i samsvar med bransjestandard. Eksempel på slike standardar er Norsk skuespillerforbund, Norske dansekunstnere, Dramatikerforbundet, Regiforbundet og Creokultur.

For å fremme tilgjengelegheit og inkludering oppfordrar vi alle søkarar til å bruke prinsippa om universell utforming. Da kan prosjekt vere tilgjengelege for alle deltakarar uavhengig av fysiske eller kognitive forutsetningar.

Slik prioriterer vi kven som får støtte

Alle søknader blir vurdert etter desse tre kriteria:

1. Kvalitet og innovasjon

  • Relevans samanlikna med utlysinga: Er søknaden med på å oppfylle målet med ordninga?
  • Innovasjon*: Alle prosjekt må ha ei form for nyskaping eller stegvis utvikling.
  • Metode: Prosjektet skal ha eit klart mål, gode delmål og tydelege aktivitetar.
  • For prosjekt innan produksjon og formidling blir det i tillegg lagt vekt på kunstnarisk kvalitet og profesjonell gjennomføring.

* Kva er innovasjon?
Innovasjon kan ha ulike definisjonar. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet seier at det for eksempel kan være ein ny eller vesentleg endra teneste, produkt, prosess, organisering eller kommunikasjonsmåte.

Frå artikkelen «Innovasjon i offentlig sektor».

2. Effekt og verdiskaping

  • Verdi for søkar og regionen: Det skal komme godt fram korleis prosjektet skal skape verdi for regionen, partnarskapet og søkaren.
  • Moglegheit for vidareutvikling: Det er ein fordel om søknaden viser tydelege moglegheiter og planar for å ta resultata vidare etter sluttføring. De kan gjerne vise til nye prosjekt, andre finansieringskjelder eller vidare verdiskaping.
  • Kommunikasjon og kompetansedeling: Vise korleis prosjektet og resultata skal bli formidla til relevante målgrupper, for eksempel kulturfeltet, næringsliv, lokalsamfunn og/eller offentlege aktørar.

3. Gjennomføring

  • Framdriftsplan: Det skal komme tydeleg fram korleis prosjektet skal drivast framover.
  • Budsjett: Ei realistisk oversikt over inntekter og utgifter knytt til prosjektet.
Kor mykje kan du søke om?

Du kan maksimalt søke om 500 000 kroner i støtte i denne ordninga.

Støtta frå fylkeskommunen kan maksimalt utgjere 50 prosent av det totale budsjettet. Eigenandelen kan vere i form av eigeninnsats og/eller eigne midlar.

Dette må søknaden din inneholde:

  • Budsjett med forventa inntekter og utgifter
  • Fylldig omtale av prosjektet
  • Forklaring av korles prosjektet treff prioriteringskriteria og mål i planverk.
  • Profesjonelle kunstnara som søker om støtte til produksjon eller formidling må legge med CV
Vilkår for tildelinga

At tildelinga er gitt på vilkår betyr at du må følgje opp og gjennomføre punkta som står nedanfor. Vi vil kontrollere at vilkåra er følgt.

Vanlegvis utbetalast 75 prosent av tilskotet ved tildeling og resten etter at rapporten og prosjektrekneskapet er levert.

1. Du må sei ifrå om endringar

Tiltaket må gjennomførast slik det er søkt om og i tråd med grunngivinga i vedtaket. Viss det er nødvendig å gjere endringar må du avklare det med fylkeskommunen på førehand. Støtta frå fylkeskommunen kan maksimalt utgjere 50 prosent av det totale budsjettet. Viss tiltaket ikkje gjennomførast som planlagt, eller kostnadene blir lågare enn budsjettert, kan støtta bli redusert.

2. Du må rapportere og føre rekneskap

Rapporten skal gjere greie for gjennomføringa av tiltaket i forhold til søknaden. Rekneskapen skal vise korleis støtta er brukt og settast opp slik at det kan samanliknast med budsjettet du sendte i søknaden. Støtta frå fylkeskommunen skal spesifiserast i rekneskapen.

Rapporten skal innehalde namn på aktør(ar) som vart brukt, kort beskriving av arrangementet og tal på deltakarar/publikum. Det må leggast ved program, plakat, omtale, bilde eller anna som viser at tiltaket er gjennomført. I rekneskapen skal honorar for kvar enkelt aktør vere synleggjort.

For tildelingar under 500 000 kroner skal sluttrekneskapen vere kontrollert og signert av nokon som ikkje har vore med i føringa av rekneskapen. For tildelingar over 500 000 kroner, skal det leggast fram rekneskap godkjent av autorisert revisor.

4. Du må få sluttrapporteringa godkjent for å få utbetalt siste del av støtta

For å få utbetalt dei siste 25 prosentane av tildelinga di, må du sende inn sluttrapport. Når saksbehandlar har godkjent rapporten din, blir det gjenståande beløpet betalt ut. Du må sende rapport innan fristen som du finn i tildelingsbrevet.

Har du ikkje rapportert, og på den måte bedt om å få den siste delen av støtta di utbetalt, vil den falle vekk etter to år.

Rapport og rekneskap skal sendes elektronisk via fylkeskommunen sitt nettbaserte rapporteringsskjema. Rapporteringsskjema finn du via denne lenka: https://dialog.mrfylke.no/dialogue/

5. Du må synleggjere støtta du får

Støtta frå fylkeskommunen skal synleggjerast ved marknadsføring. Det skal òg komme fram i årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Viss du ikkje følger vilkåra

Har du gitt ufullstendige eller feilaktige opplysingar i søknaden din, kan vi krevje at du må betale tilbake heile eller delar av støtta. Dersom vi ved ein feil utbetaler for mykje, skal det som er utbetalt for mykje betalast tilbake.

Ved hjelp av rapporten du leverer vil vi kontrollere at vilkåra er følgt, og du må gi alle nødvendige opplysingar for at fylkeskommunen kan gjennomføre denne sjekken. I tillegg vil det bli gjort tilfeldige utvida stikkontrollar blant dei som har fått støtte i ordninga.

Dersom det er utbetalt tilskot i strid med den nasjonale forskrifta, eller tilskotet ikkje
er utbetalt eller brukt i samsvar med føresetnadane for tildelinga, kan
fylkeskommunen krevje heile eller delar av tilskotet tilbake.

Du har rett til å klage

Vedtak i tilskotssaker er eit enkeltvedtak ifølge forvaltningslova § 28. Det betyr at du kan klage innan tre veker frå den datoen du fekk brevet.

Om du sender inn ei klage, vil kulturavdelinga gjere ei ny vurdering i saka. Dersom ikkje vedtaket blir omgjort, blir klaga sendt til fylkeskommunen si klagenemnd for behandling. Det må påreknast saksbehandlingstid.

Klaga og eventuell dokumentasjon kan sendast digitalt via e-Dialog, som du finn gjennom denne lenka: https://svarut.ks.no/edialog/mottaker/944183779

Ei presisering om kulturtilskot

Kulturtilskot er ei moglegheit for støtte til gode prosjekt, men er ikkje ein rett. Tildelinga skjer ut frå fastsette retningslinjer, krav og prioriteringar, som er opne og tilgjengelege for alle.

Tilskotsmidlane er avgrensa, og det kjem ofte fleire søknadar enn det er midlar til. Derfor vurderer fylkeskommunen søknadane etter ei heilskapleg skjønnsutøving. Sjølv søknadar som oppfyller alle krava, kan få avslag eller ein lågare sum enn søkt beløp.

For å kunne gi tilskot, må vi ha nok midlar i budsjettet.

Har du lest retningslinjene?

Hjelp
Lukk
  1. Klikk på Hjelpesymbol der du trenger hjelp til utfyllingen
  2. Skjemaet lagrer svarene underveis i utfyllingen. Hvis du velger å avbryte ved f.eks. å lukke nettleservinduet eller trykke på Avbryt-knappen og deretter bekrefter at du vil avbryte utfyllingen, vil all informasjon bli borte.
  3. Ingenting sendes inn før du selv ber om det, ved å velge Send inn-knappen. Den kommer fram etter at opplysningene er kontrollert og godkjent på oppsummeringssiden

Bruk og utfylling

Klikk på hjelpesymbolene for informasjon om utfylling.

* Betyr obligatorisk for utfylling

Etter 20 minutt uten aktivitet kan utfylling av skjema gå tapt.

Klikk på Hjelp øverst til høyre for generell hjelp om skjema.

Vennligst vent...

Loader