Dersom du har fått tildelt støtte og skal be om utbetaling, må du
- sende rapport med tiltaksplan og kostnadsoverslag. I tillegg skal også eventuelle teikningar frå handverkar/arkitekt vere med.
- sende ein kopi av faktura som dokumenterer kostnaden.
Dette skal sendast digitalt via e-Dialog, som du finn gjennom denne lenka. eDialog er ein sikker, digital kanal for å sende brev og dokument til fylkeskommunen.
Det er ei forutsetning at rapporten blir laga av handverkar med kompetanse innan bygningsvern. Du må avklare med oss kven du engasjerer til arbeidet.
Dersom ikkje anna er avtalt skal tilstandsrapporten utførast tilnærma lik NS 3423 Tilstandsanalyse av fredete og verneverdige bygninger (nivå 1). Det skal utarbeidast ei tiltaksplan med anbefaling av tiltak og eit kostnadsoverslag.
Tilskotet er berre gyldig det året du får støtte. Det går automatisk ut på dato om arbeidet ikkje er utført og du ikkje har bedd om utbetaling innan utgangen av året.