Tildelinga kan maksimalt utgjere 50 prosent av det totale budsjettet. Dersom rapporten viser at den reviderte rekneskapen er lågare enn budsjettert, kan tilskotet bli avkorta.
Du må sei ifrå om endringar
Prosjektet eller tiltaket må gjennomførast slik det er søkt om. Viss det er nødvendig å gjere endringar må du avklare det med fylkeskommunen på forhånd. Viss tiltaket ikkje gjennomførast som planlagt, eller kostnadene blir lågare enn budsjettert, kan støtta bli redusert.
Du må rapportere og føre rekneskap for prosjektet
Rapporten skal gjere greie for gjennomføringa av tiltaket eller prosjektet i forhold til søknaden. Prosjektrekneskapen skal vise korleis støtta er brukt og settast opp slik at det kan samanliknast med budsjettet du sendte i søknaden. Støtta frå fylkeskommunen skal spesifiserast i prosjektrekneskapen.
Rapporten skal innehalde namn på musikar(ar) som vart brukt, kort beskriving av arrangementet og tal på deltakarar/publikum.
Det må leggast ved program, plakat, omtale, bilde eller anna som viser at prosjektet er gjennomført. I prosjektrekneskapen skal honorar for kvar enkelt musikar vere synleggjort.
For tildelingar under 350 000 kroner skal sluttrekneskapen vere kontrollert og signert av nokon som ikkje har vore med i føringa av rekneskapen. For tildelingar der samla støtte frå fylkeskommunen er over 350 000 kroner, skal det framleggas rekneskap godkjent av autorisert revisor.
Rapport og prosjektrekneskap skal sendes digitalt seinast tre månader etter at arrangementet er gjennomført.
Om vilkåra i brevet og rapporteringskrava ikkje blir følgt, blir støtta automatisk trekt tilbake etter to år.
Du må synleggjere støtta du får
Støtta frå fylkeskommunen skal synleggjerast ved marknadsføring. Det skal òg komme fram i årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Logoen til fylkeskommunen finn du ved å følge denne lenka.
Vi kan krevje at du må betale tilbake støtta
Har du gitt ufullstendige eller feilaktige opplysingar i søknaden din, kan vi krevje at du må betale tilbake heile eller delar av støtta.
Dersom vi ved ein feil utbetaler for mykje, skal det som er utbetalt for mykje betalast tilbake.
Vi kan kontrollere korleis midlane er brukt
Vi kan kontrollere at tilskotet er brukt etter vilkåra. Viss du blir spurt, må du gi alle nødvendige opplysingar for at fylkeskommunen kan gjennomføre denne sjekken.